Quantcast
Channel: Suldalsposten
Viewing all 2476 articles
Browse latest View live

Liv i butikklokala igjen

$
0
0

Eigar og driva av All verdas, som både er ein nettbutikk og ein forretning på Nesflaten, Wenche Haugen Havrevoll, er snart klar for å opna ein filial på Sand. Det var i fjor haust at Inger Sofie Slåtto stengde sin butikk, Suldal Husflid, etter 32 års drift.

Filial på Sand
Men nå i slutten av månaden vil det bli fylt opp med Fair Trade-produkt og andre varer frå All verdas i det vesle lokalet i sørenden der det blir full forretningsdrift til slutten av august.
– Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom meg og Inger Sofie Slåtto. Seynab Muhdin Ahmed, som er flyktning frå Somalia, er tilsett og vil ha det daglege ansvaret for drifta, seier Haugen Havrevoll, som legg til at eitt av måla er å kunna gi Muhdin Ahmned språk- og arbeidserfaring, men også å sjå om det er liv laga med ei avdeling av butikken i kommunesenteret.
Haugen Havrevoll fortel at ho lenge har gått med tanken om å få til, i første omgang, ein sommarforretning, anten i Røldal eller på Sand, og sjansen nå baud seg for sistnemnde. Forretninga vil følgja dei andre opningstidene i Gata og i utgangspunktet ha litt av alt av det ein finn i forretninga på Nesflaten.

The post Liv i butikklokala igjen appeared first on Suldalsposten.


Gigant-transport i dag

$
0
0

Det er dimensjonar over det når Statnett skal frakta den første transformatoren frå Hylen til Saurdal i dag føremiddag. Heile vogntoget er på heile 430 tonn, spesialtilhengaren har 96 hjul og totalt 2000 hestekrefter som skal sørga for at transporten kjem opp og fram.

Vestre Korridor
Transporten er ein del av det store prosjektet Statnett nå gjennomfører for å oppgradera linjene frå Kristiansand til Sauda. Vestre Korridor er Statnetts største landbaserte byggeprosjekt og skal gi aukt forsyningstryggleik. Investeringane er i spennet 7- 8,5 mrd. kroner, og prosjektet skal stå ferdig i 2021, opplyser Statnett.

The post Gigant-transport i dag appeared first on Suldalsposten.

Problem med avisleveringa

$
0
0

Posten har problem med levering av dagens avis til abonnentar i Kvilldal og på Slagstad. Dette er grunnen til at enkelte husstandar i desse grendene ikkje får Suldalsposten i dag, men på måndag.

The post Problem med avisleveringa appeared first on Suldalsposten.

Vel blåst!

$
0
0

Det finst ting som kjennest så sjølvsagt å seia at dei nesten opplevest som unødige å skriva. Derfor står dei kanskje litt i fare for å forsvinna i det sjølvsagte som ofte blir usagte, sjølv om mange av oss har hjartet fullt av det.

I skrivande stund er det eit døger sidan me gjekk og stega på skuleplassar og i grende-og samfunnshus, festkledde, med våre sambygdingar og innslag av tilreisande.

Ingen grender har heilt like syttandemai-feiringar, alle har sine spesialitetar, men berebjelken er den samme. Å pynta seg, å gå saman i tog til musikk og song langs vegane, høgtidleg gudsteneste, flaggborger, tale for dagen, mat, leikar og tevlingar og kanskje også fest om kvelden.

Det som ikkje står på plakaten, er det som skjer mellom slaga. Drøset, samtalane, gleipinga, latteren. Eit hei til ein du ikkje har sett på lenge.  Å treffast. Å vera saman. Å ta ein kaffi eller ein spasertur.

Syttande mai handlar om høgtid, om “den saganatt som senker drømmer på vår jord”. Om tanken på dei som har gitt alt,  som gav livet i kampen for eit fritt land. Det handlar om å laga ei ramme som kan halda dei følelsane me har for bjørka som spring ut og nysnøen på nutane, som knapt er til å setja ord på for seg sjølv.

Det som er større enn oss.

Me pyntar oss til fest, men kjenner kvarandre godt igjen.

Syttande mai er også strømpe-sig og seige barnekinn, ungar som skrik og foreldre som smiler høfleg, men som har eit fråværande blikk i vill jakt etter minsten. Det er sveitte karar og kvinnfolk som har stått over store varme gryter og heite takker der lappane skal gå til inntekt for klassens skuletur.

Det er alvorlege guteandlet som held styr på barneleiker og poeng, der det ikkje nyttar å begynna å rota.

Det er unge jenter som held appellar og rører hjarte, det er korpsmusikantar som nesten går skoa av seg og det er dei som er tidleg oppe for å setja alt i gang.

Det handlar om dugnad og om fellesskap. Ikkje alle vel skuleplassen, Kulturhuset eller eit arrangement denne dagen, grunnane til det kan vera mange, og det er det fridom nok til.

Men i dag er det  tid for å seia tusen takk til de som har lagt ned arbeid for at festen skal bli av og  for at tradisjonane skal  leva. Det er slik me held landet fagert.

The post Vel blåst! appeared first on Suldalsposten.

FILM: Gigant-transport på smale vegar

$
0
0

Klokka er rett over 9.00 og heile Hylen brummar. Det gigantiske vogntoget står på skipet som ligg til kai der ein god flokk Statnett-folk følgjer med. På skipet og rundt vogntoget blir dei siste førebuingane gjort. Det nærmar seg avgang for den gigantiske lasta, den første transformatoren til Saurdal stasjon. Heile toget med hengjarar og alt veg 430 tonn og rullar på 96 hjul. Tilsaman er 2000 hestekrefter involverte for å få frakta transformatoren frå Hylen og opp dei bratte kleivane til Saurdal.

The post FILM: Gigant-transport på smale vegar appeared first on Suldalsposten.

FILM: Suldal Bondelag aksjonerer

Rv13 stengt etter ulukke SISTE: Vegen er nå open for fri ferdsel

$
0
0

Rv13 er stengt mellom Bergekrossen og Hiimsmoen-krysset etter ei bil-ulukke. Ein mann i 20-åra, frå Suldal, har kjørt av vegen ved avkøyringa til Hiimsmoen. Operasjonsleiar Østebøvik ved politiet opplyser at ulukka blei meldt 04.52 og mannen, som ikkje er kritisk skadd, er frakta til sjukehuset. Han har blåst til over tillagt verdi og vil bli sikta for køyring i påvirka tilstand. Ulukkesgruppa er på staden og vegen vil bli opna når dei er ferdige med arbeidet sitt.
SISTE: Statens vegvesen melder nå klokka 10 at det kan gå fleire timar før vegen blir opna.

The post Rv13 stengt etter ulukke SISTE: Vegen er nå open for fri ferdsel appeared first on Suldalsposten.

– Har hatt englevakt

$
0
0

Vegen forbi ulukkestaden på rv13 like ved avkøyringa til Hiimsmoen blei midt i dagen opna ei kort stund, men stenger straks for bilberging. Ulukkesbilen har komme i retning frå Sand og køyrt i retning Suldalsosen. I svingen før avkøyringa til Hiimsmoen har den komme over i motsett køyrefelt, køyrt ned mange meter med autovern og hamna på taket nokre meter nedanfor vegen. Politi på staden meiner bilføraren har hatt englevakt. Hadde sjåføren landa eit par meter før, hadde det bore i stupet rett i elva. Sjåføren er på sjukehuset og blir vurdert som ikkje kritisk skadd.

The post – Har hatt englevakt appeared first on Suldalsposten.


Trafikkfarlege rundballar

$
0
0

Vegvesenet oppmodar bønder og andre til ikkje å lagra rundballar eller ting som tilhengjarar og containerar langs vegen, då det kan utgjera stor trafikkfare. Ulukkesrapportar viser at rundballar tett oppi vegen, kan gjera ei utforkøyringsulukke til ei dødsulukke i kollisjonen som vil oppstå.

Varslar systematisk sjekk
Lova seier at det langs med riks- og fylkesvegar skal vera ei sikringssone frå vegkanten, den blir rekna ut frå trafikkmengd og fartsgrense. Det betyr at til dømes der fartsgrensa er 70-80 kilometer i timen, skal det ikkje lagrast utstyr som kan vera trafikkfarlege innanfor ei sone på sju meter frå vegkanten. I skrivet frå vegvesenet står det at Statens vegvesen frå 1. juni vil starta ei systematisk arbeid med å fjerna trafikkfarleg utstyr innan for ei slik sone.

The post Trafikkfarlege rundballar appeared first on Suldalsposten.

Sauda vil ha Kloster Tvedt som rådmann

$
0
0

For Suldal kommune har rådmannstilsetjinga i nabokommunen vore litt ekstra spennande. Kommunalsjef for oppvekst i Suldal, Nils Erik Eide, var ein av kandidatane til stillinga, han blei oppmoda om å søkja og var inne til fleire intervju.
Rune Kloster Tvedt, som nå får tilbodet og ifølgje avisa Ryfylke har takka ja til jobben, er i dag spesialrådgivar i KS-Region Vest-Norge, kjem det fram i ei pressemelding Sauda kommune har sendt ut etter kommunestyrets einstemmige vedtak i dag.

The post Sauda vil ha Kloster Tvedt som rådmann appeared first on Suldalsposten.

FILM: Asfaltering av Torjå

$
0
0

Entreprenøren Aakerholt, Steen og Lund er i ferd med å gjera seg ferdige med asfalteringa av torget på Sand.
– Folk treng ikkje å uroa seg, det blir skiferheller oppå drenerings-asfalten, smiler utbyggingssjef i Suldal kommune, Lauritz Lauritzen. Han forklarer at grunna ein forseinka leveranse av skiferen, som kjem frå Kina, blir det nå byggjestopp med dekket på Torjå i to månader. Det betyr betre plass til aktivitetar under Ryfylkedagane og sesong-opning med servering utanfor Ronæs-hjørnet. Les meir om det nye torget i Ryfylkedagsavisa.

The post FILM: Asfaltering av Torjå appeared first on Suldalsposten.

Indre Ryfylke får administrasjonsstaden

$
0
0

Det blei Sauda som trekte det lengste strået i kampen om å få administrasjonskontoret når dei gamle distrikta Vindafjord/Etne og Suldal/Sauda blir ei geografisk drifseining i den nye politi-organiseringa. Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal har reagert sterkt på tanken om at administrasjonssetet ikkje skulle bli lagt til Vindafjord, det tettaste befolka området. Vierdal og Etne-ordføraren har vore i møte med politimeister Hans Vik, men det har altså ikkje hjelpt.

Endeleg beslutning
Vik annonserte før helga at han ville ta ein ekstra runde i tenkeboksen i forbindelse med ordførararens reaksjon, men i dag er beslutninga tatt og endeleg, og den går i favør Indre Ryfylke.
Politimeister Vik har skrive følgjande i ei pressemelding som har gått ut i ettermiddag:
– Administrasjonsstaden skal ikkje vere sentrum i eininga eller for ressursane. I praksis inneber administrasjonsstaden kor leiaren skal ha kontoret sitt, og vedkomande vil ha det administrative ansvaret for driftseininga.

The post Indre Ryfylke får administrasjonsstaden appeared first on Suldalsposten.

Lover fjerning av stein og reinsk av fjellsida

$
0
0

På riksveg 13, nokre hundre meter etter Vela på veg mot Rødsliane, ligg der store steinar i vegen som har rast ned frå fjellsida. Steinane rasa ned for eit par veker sidan, fortel forbipassarande til avisa. Angelica Chamorro ved vegstasjonen i Haugesund stiller seg undrande til at steinane endå ikkje er fjerna. Ho opplyser at entreprenør er bestilt til å fjerna steinane og til å reinska fjellveggen.

The post Lover fjerning av stein og reinsk av fjellsida appeared first on Suldalsposten.

Forsvarar Suldals quiz-ære i Sauda i kveld

$
0
0

I kveld gjeld det, og det er i Sauda det gjeld.

Over grensene
Då går den store Ryfylkequiz-finalen av stabelen, og staden er Sauda, der Saudadagane er i ferd med å bli rulla ut.
Trekløveret frå Suldal skal møta seks andre lag beståande av åttandeklassingar frå heile Ryfylke, og karane har litt å forsvara. Det var nemleg Suldal som vann Ryfylkequizen som blei arrangert for første gong i fjor. Det er Ryfylkealliansen som står bak den interkommunale kappe-striden, og målet er at ungdommen skal treffast over kommunegrensene. I fjor var det sterke pengepremiar, det er det også i år, og etter at quiz-spenninga er utløyst, er det garantert tid for nye spenningsvriar. Då byr Sauda på eit stort ungdomsarrangement på Rådhusplassen.
Men først, tvi tvi til Andreas Smedsrud, Sindre Vik og Lars Herabakka!

The post Forsvarar Suldals quiz-ære i Sauda i kveld appeared first on Suldalsposten.

Fann utsliten kvinne i heia

$
0
0

Oppdatert klokka 11.30
Politiet melder at kvinna er funnen, utmatta, men elles i god form. Det var Seaking-helikopteret som fann henne nå klokka 11.10. Ho er nå flydd tilbake til ei hytte på Kjetilstad, og skal ikkje trengja legehjelp, ifølgje politiets operasjonsleiar.

Måtte gå frå turkamerat etter natt ute
Det var i føremiddag det blei sett i gang ein leiteaksjon for å finna ei kvinne. Hovudredningssentralen (HRS) sende ut eit Seaking-helikopteret og samarbeiddde med Suldal Røde Kors, samt kvinnas turkamerat, som i morgontimane i dag måtte gå frå henne for å skaffa hjelp.

Skårfast i natt
Dei to la i går ut frå ei hytte på Kjetilstad for ein dagstur til Stranddalsvatnet. Undervegs har dei gått seg skårfast og blei værande ute heile natta. I dag tidleg gjekk kvinnas turkamerat frå henne, tilbake til hytta der vedkommande fekk alarmert politiet. – Dei to hadde med seg veldig lite utstyr, gjekk seg skårfast, og kvinna skal vera utslitt, så nå er planen at me tar med oss meldar og håper vedkommande finn vegen tilbake til staden der kvinna er, fortel Trond Friberg hjå politiets operasjonssentral nå klokka 10.30. Han opplyser at kvinna er heimehøyrande i Rogaland.

The post Fann utsliten kvinne i heia appeared first on Suldalsposten.


Solid vekst i næringshagane

$
0
0

Fjorårstala viser auke i både tal bedrifter, omsetning og verdiskaping. I 2016 var 1 600 bedrifter knytte til næringshageprogrammet, noko som utgjer ein auke på 20 prosent frå året før. Også tal bedrifter tilknytt inkubasjonsprogrammet, også det 1 600 stykk, har auka med heile 30 prosent frå 2015 til 2016.

Gode resultat også i Suldal
– Ser me den same trenden her i Suldal?
– Ja, me bidrar bra. Næringshagebedriftene i Suldal leverer gode resultatet. Det er ei av årsaka at me i fjor steig eitt nivå, seier ein nøgd dagleg leiar i Suldal Vekst, Laila Steine, som er glad for at trenden er lik i Suldal som på landsbasis.
Suldal Vekst er ein av Sivas totalt 39 næringshagar her i landet. Og etter å kunna skilta med gode resultatet, fekk næringshagen i fjor, som ein av fire i fylket, ein solid auke i statstilskot frå 650 000 kroner til 1,1 millionar næringsutviklingskroner.

Milliardar i verdiskaping
Siva skriv i pressemeldinga at nye reglar for tilskot, ei styrking med 35 millionar kroner til programma og ei profesjonalisering hjå selskapa, er grunnen til dei gode resultata. Ser ein på bedrifter som, frå 2012-2015, har vore knytte til Sivas inkubatorarar og næringshagar, har desse til saman generert 37,3 milliardar i verdiskaping.

The post Solid vekst i næringshagane appeared first on Suldalsposten.

Bråtveit tar over, Haugen sluttar

$
0
0

Hein Tommy Haugen, som fekk vikariatet og begynte i jobben i mars, sluttar dermed etter kort tid, og det er Åsta Hedvig Bråtveit som overtar. Bråtveit er i dag inspektør på Sand skule, og ho var den andre søkjaren til rektor-vikariatet på Vinjar skule.

Innstilt som nummer to sist
– Situasjonen er slik at det nå er lyst ut ei inspektørstilling på Sand skule grunna ei rokkering, seier kommunalsjef Nils Erik Eide, som opplyser at Bråtveit tar over som rektor på Suldalsosen frå hausten av.
– Ho var innstilt som nummer to til rektorstillinga då den var utlyst i fjor haust og blei difor spurt, seier kommunalsjefen, som opplyser at Haugen har valt å gå tilbake til sin opphavlege jobb ved Gullingen leirskule.
Bråtveit overtar med det rektorjobben, i første omgang skuleåret 2017-2018 som er den permisjonstida Jorunn Hoås fekk innvilga, i samband med at ho 1. mars i år starta i jobben som leiar for PPT-samarbeidet i Suldal og Sauda.
Eide seier han er nøgd med løysinga, og at han nå håpar på kvalifiserte søkjarar til inspektørstillinga for 1.-7. trinn på Sand skule.

The post Bråtveit tar over, Haugen sluttar appeared first on Suldalsposten.

Torjå tar form

$
0
0

Neste sommar kan suldølen sitja på nyvølt torg under blømande kirsebærtre, eller nyta sola og fjordutsikta frå det nye tredekket på kaikanten.

Utsett steinlegging
Men frå denne veka av, blir det to månaders byggjestopp. Sist veke blei dreneringsasfalten lagt og fram til 1. august blir det byggjestopp med dekket.
– Eg tenkjer Ryfylkedagskomiteen må vera happy nå, smiler utbyggingssjef i Suldal kommune, Lauritz Lauritzen i prat med Stig Aslaksen som er byggjeleiar for Aakerholt Steen og Lund. Utbyggingssjefen sikter sjølvsagt til at byggjestoppen opnar opp for meir aktivitet og betre parkering i sentrum i sommarmånadane.

Forseinka Kina-skifer
Grunnen til at det nå blir heilt stopp i to månader er forseinkingar i leveransen av Kina-granitt.
– Me veit ikkje kva grunnen til denne forseinkinga er, men 1. august er me klare til å gi bånn gass med steinlegginga, forsikrar Aslaksen. Han fortel at skiferen først kjem til Haugesund, der den blir lagra og deretter transportert til Suldal i fire ladningar.
– Kinasteinen blir fantastisk, ein får ikkje stein med slike fargesjatteringar i Norge. Aslaksen er engasjert når han forklarer om dei 15 centimeter tjukke hellene i svart med kvite sjatteringar i, og fargespelet som kjem til å visa godt igjen på torget.

Klare til å snekra kai
Sjølv om steinlegginga drar ut i tid, blir det ikkje heilt stopp på torget. Levarskjær slipp og mek. set i gang med brygga denne veka. Dei skal leggja tredekket på kaien, i tillegg til å levera stålkassar til blomar og grønt.
Dei to karane er begge skjønt samde i at torget ser stort ut nå med berre eit asfaltlag på.

Høge tre og blomsterkassar
Lauritzen og Aslaksen har ikkje problem med å sjå føre seg korleis torget skal sjå ut når alt er ferdig. Lauritzen forsikrar at det skal bli nokså frodig.
– Siste finishen blir å få tre, plantar og lyssetjing på plass. Det kjem til å bli flott med dei store prydkirsebær-trea langs plassen, meiner byggjeleiaren. Han fortel vidare at trea er tre til fire og ein halv meter når dei blir leverte, og at dei skal få veksa seg endå større.
Framfor Coop er det hjartetre som skal få veksa, og i hagen ved sidan av vass-installasjonen er det planlagt rogn og furu. I tillegg blir det planta staudar og buskar i store stålkassar.

Fontena kjem i august
Andre veka i august startar arbeidet med vass-anlegget. Vatnet skal renna frå ei stor granitt-blokk og ned i bassenget. I bassenget ligg der store runde steinar, slik at ein kan hoppa tørrskodd over. Innimellom steinane nedi bassenget, er det utsmykka med laks utforma i stein.
Aslaksen blir ivrig igjen når han skal forklara om fontenen.
– Larvikitt-steinen i ”fossefallet” blir den lengste i Norge. Med sine 4,90 meter finst berre denne eine steinen som er så stor. Den er unik, smiler anleggsleiaren.

Har fått arbeidsro
– Me er veldig nøgde med arbeidet så langt og har endå ikkje hatt nokon dagar med full arbeidsstopp, seier byggjeleiaren frå Aakerholt Steen og Lund. Lauritzen skryt av ein entreprenør som heile tida er på tilbodssida, som legg godt til rette og som han og handelsnæringa har hatt god dialog med.
Dei pusta begge letta ut då det viste seg at det ikkje skjulte seg mykje arbeid i botn av Torjå.
– Der kunne det dukka opp mykje rart, ler dei og ser ut over den nylagde asfalten.

The post Torjå tar form appeared first on Suldalsposten.

Leiketøysgründer ber om ytterlegare betalingsutsetjing

$
0
0

Søknaden er ein av i alt åtte søknadar som blir behandla av Ulla Førre Næringsfond i dag, torsdag.
Selskapet er blitt innvilga to lån på til saman 1,5 millionar kroner, første i 2012 saman med støtte på 250 000 kroner, og siste i 2014 på 750 000 kroner. Begge har vore rente- og avdragsfrie i tre år. I 2013 fekk selskapet 350 000 kroner i etablerartilskot og regionale utviklingsmidlar frå Innovasjon Norge.

Ingen pengar inn
Gründeren frå Suldalsosen opplyste til Suldalsposten i 2013 at produksjonsavtale var inngått med ein fabrikk i Kina, og at ei lansering ville skje første del i 2014. Men lanseringa har late venta på seg.
Leiketøysgründeren skriv i søknaden at det gjenstår ennå noe arbeid for å komme til det punktet der muligheten for positiv pengestrøm kan skje. Det er helt klart at Beljo Holding AS har støtt på store utfordringer omkring tekniske løsninger, økonomi og tid, som igjen har forsinket prosjektet og lanseringen kraftig.

Krav på vent
Gundersen er heileigar av morselskapet som eig 66 prosent i Beljo Toys as. Skien-firmaet Pavels CMS as eig dei resterande aksjane. Tidlegare i år var Gundersen og representant frå Pavels CMS i møte med dei folkevalde i næringsfondet. Det kom då fram at selskapet trong meir pengar for å få leikene i produksjon og ut på marknaden. Suldal kommune valde då å setja kravet om avdrag og renter på vent til nå i mai.

Likebehandlast
Rådmannen skriv i si innstilling at Begge låna har hatt 3 års rente- og avdragsfritak. I høve det første lånet er det allereie gitt eitt års ekstra utsetjing på innbetaling frå februar 2016 til februar 2017. Denne fristen er nå forfalt. Det andre lånet har første forfall i august 2017.
Av omsyn til likebehandling av alle lånetakarane, rår nå rådmannen til at selskapet må betala renter for låna, når den rentefrie perioden er over, men går inn for å gi søkjaren utsetjing på avdraga.

SISTE: Fondsstyret gjekk samrøystes inn for rådmannen si innstilling.

The post Leiketøysgründer ber om ytterlegare betalingsutsetjing appeared first on Suldalsposten.

Kraftig bløming

$
0
0

Ordførar-snakk, pleidde tidlegare ordførar Torkel Myklebust gleipa, når han la på litt ekstra godt på Suldals kvalitetar overfor gjestar.

Det er naturressursane, våre og viljen til å bruka dei for fellesskapet, som har gitt oss rikdommen vår og som gir oss sjansen til å ha og oppretthalda ein grendestruktur med gode tenester. Rikdom er eit gode, men den forpliktar også. Rikdommen må beherskast. Det kan berre gjerast av folk som er svoltne på å prestera og få til ting fordi det er tilfredsstillande å lukkast.

Suldal blir gjerne lovprist for sin vakre og varierte natur. På denne tida av året, viser landskapa og variasjonane seg fram på sitt aller flottaste og med sitt største spenn. Vil du bada med tang i tærne på Hebnes, eller vil du på ski til Steinkilen?

Alt er muleg. Du kan også skeina bilen av vegen ein eller annan stad å leggja deg i velt i ei blomeeng og ta deg fem minutt.

I periferien er me alltid sugne på merksemd og litt rampelys, og det bør me vera. Det er ikkje lett å vinna fram i trengselen av attraksjonar og stader som har saker og ting å by på. Derfor er det kanskje av og til freistande å slå seg til ro med bildet av seg sjølv som naturskjønn.

Men me bør ikkje slå oss til ro med å vera kjende utelukkande for det.

For det er så mykje meir. Eksotisk og småskala, som Wenche Haugen Havrevoll sin vesle butikk på Nesflaten, som nå får ein avleggjar i Gata, kjærkomment lys og liv eit svart butikkvindauge. Og kjærkomment for kvinnene i Nepal som kan levera sine handarbeid til sal i landet langt i nord.

Gigantisk og kraftfullt som vasskraftinstallasjonane og demningane, Suldal leverer ikkje mindre enn nesten åtte prosent av straumen me treng i dette landet.

Eller banebrytande og nytt som på Ropeidhalvøya, der Sterling nå investerer i ny bløggestasjon for kveiteproduksjonen der, og Helland blir første kveite-produsent ut i verda med sertifisering.

I dagens avis finn du to kunstnarar som også løfter Suldal og som lar seg løfta av det me kan by på. Dei driv med svært forskjellige uttrykk, men presterer begge på toppnivå. Ein er kokk på Nesflaten og ein er kunstnar på Helganes.

Heggen blømer og snøen lyser på nutane i forsommarkvelden, men det er det sannelege mykje anna og mange andre som også gjer i Suldal.

The post Kraftig bløming appeared first on Suldalsposten.

Viewing all 2476 articles
Browse latest View live