Quantcast
Channel: Suldalsposten
Viewing all 2476 articles
Browse latest View live

Dugnad på Fossheim


Sesongstart for a-laget

$
0
0

Etter 18 kampar enda Suldals sjettedivisjonslag i fjor på ein fjerdeplass i serien. I morgon er det endeleg klart for ny sesong, då møter Suldal Siddis 2 heime i Prestavikjo.

Siddis og sol
Dei gule og svarte har hatt fleire treningshelger denne vinteren og har spelt ein treningskamp mot laget POL, som gav motstand på banen. Suldal viste godt lagspel og haldt gjestane på avstand, 4-3 blei sluttresultatet. Planen var ein treningskamp mot Hjelmeland, men nabolaget måtte melde pass.
Men i morgon er det stavangerlaget Siddis 2 som er motstandaren. Sist laga møttest, i august i fjor, vart det eit dusin med baklengs laget tok med heim til byen. Suldal vant heile 12-1 mot laget.
Ifølgje yr.no lovar vêrgudane sol på Suldalsosen, medan Suldal IL stiller med open kiosk i morgon. Eit tilbod idrettslaget vil ha under fleire kampar, som Suldalsserien og enkelte heimekampar til a-laget, denne sesongen.

The post Sesongstart for a-laget appeared first on Suldalsposten.

STF vil kvitta seg med Sandsahytta

$
0
0

Stavanger Turistforening, STF, anbefaler å leggja ned Sandsahytta.

På høyring
Grunnen er at bygningsmassen over tid vil krevja ressursar som kan bli betre brukte andre stadar. Sandsa er ei av fire hytter som er aktuell for nedlegging. Dei andre er Grasdalen, Flørlistølen og Gamle Skåpet. Turistforeningen har nå sendt forslaga ut på høyring til turlag i områda, kommunar, grunneigarar og andre interessentar og ber om svar innan 1. juni.
I eit strategidokument for perioden 2016-2018 heiter det: Hyttetilbudet skal søkes optimalisert. Hytter som ikke har et rimelig forhold mellom kostnader og belegg, og som heller ikke er strategisk plassert, skal søkes nedlagt.

Overdimensjonert
I brevet frå turistforeininga blir Sandsahytta beskrive som noko overdimensjonert og upersonleg. Hytta er STFs største ubemanna hytte med 42 senger. Gjennom fleire år har besøkstala på Sandsa vore kring 1000 overnattingar per år, mykje grunna leirene til Barnas Turlag.

Lite brukt
Hytta blei bygt av STF i 1936 som ei av foreiningas store praktbygg, bemanna i sesong og med tilkomst frå Ulladalen og frå Suldalsosen. I dag ligg den lett tilgjengeleg frå vegen inn til Blåsjø og med vidare sti til Stranddalen. Ruta til Suldalsosen eksisterer framleis, men er ifølgje STF lite brukt. Ruta frå Ulladalen blir ikkje lenger vedlikehalde av foreininga.

Nye hytter
Sist gong STF la ned ei hytte var då Breiborg blei selt i 1994. Sidan den gong er det bygt sju nye hytter utan at andre er nedlagde. Hyttenettet vil kontinuerleg bli vurdert ut frå bruken. Nokre hytter er nedlagd fordi utbygging av vegar og vasskraft har øydelagt dei, andre er nedlagde fordi bruken er blitt redusert grunna endringar i folks bruk av fjellet.
Turistforeinga har skøyte på Sandsa-eigedomen, og dei går ut frå at eigedomen kan seljast. Dei trur verdien ved fritt sal vil vera avgrensa.

Blåsjø
Det føregår for tida eit stort arbeid med å leggja om rutenettet rundt Blåsjø. Det vil ta mange år før ein er klar med nytt rutenett i dette området, og hyttene rundt Blåsjø er derfor ikkje spesielt vurderte i denne omgangen.

The post STF vil kvitta seg med Sandsahytta appeared first on Suldalsposten.

Årets Kraftritt avlyst

$
0
0

Nestleiar i Suldal Sykkelklubb, Tone Fisketjøn, stadfestar at landevegsrittet på rundt 100 kilometer, som går via Jelsa, Erfjord og Jøsenfjorden med start og mål på Sand, ikkje blir noko av. Planen var å arrangera løpet for femte gong laurdag 17. juni.

Krev godkjende trafikkdirigentar
– Statens Vegvesen forlangar godkjende trafikkdirigentar langs med ruta, spesielt i tunnelane ned Rødsliane, seier Fisketjøn, som fortel at det er komme nye reglar på dette området. – Og klubben har rett og slett ikkje råd til å leiga inn godkjende trafikkdirigentar. Det kan ikkje forsvarast økonomisk, forklarar Fisketjøn om grunnen til at klubben nå har valt å avlysa Kraftrittet.

The post Årets Kraftritt avlyst appeared first on Suldalsposten.

Startar salong i Gata

$
0
0

Glasa i kjellerlokala i Gata 16 er dekte til med papir, men til helga blir det liv igjen i lokalet. Då opnar Vesna Roganovic Velvære Sand. Ho har sjølv pussa opp og stelt i stand salongen, der ho vil tilby eit vell av velvære-behandlingar.
Les meir om Roganovic og salongen i morgondagens avis.

The post Startar salong i Gata appeared first on Suldalsposten.

FILM: Småhus til hagen

Tid for transaksjonar

$
0
0

Konfirmasjonssesongen er i gang, i Suldal og landet over, og det er berre å registrera av vårens vakraste eventyr berre blir ein stadig sterkare miks av det timelege og det meir oppbyggelege og eksistensielle.

Er det økonomi i det? spør den forretningsbevisste stilt overfor ein idè.

Når det gjeld konfirmasjonen, er det ikkje berre økonomi, men etterkvart big business. God butikk. I alle fall for dei som sel dressar, catering og blomar- og vel unt er dei. Bunad begynner  å nærma seg fast eigedom i pris-sjikt. Med alle konvoluttar, eller kanskje er det nå vipps og alle overføringar til høgrentekonti, må ein totalt sett også kunne seia at konfirmasjon også er god butikk for konfirmanten.

Dei åra ein ikkje er djupt involvert på noko side, inngår ein også i ein slags økonomi rundt denne markeringa, men den skal gå i balanse.

Det høyrer med til folkeskikken å vita kva som er “vanleg” å leggja i konvolutten til konfirmanten over vegen eller i krinsen. 200-lappane er praktiske og dei er lette å telja.

Konfirmasjon spinn rundt pengar. Dei fleste konfirmantar veit nok på krona kva dei har fått, og kva andre får og ikkje får. Det er ingen grunn til å moralisera over at ungdommen ønskjer seg mest mogleg pengar, dei lærer godt og effektivt i den skulen dei går.

Som foreldre, fadrar, besteforeldre eller nære familievener leitar me etter ord, dikt og andre uttrykk for å leggja dei unge på hjartet kor viktig det er å vera seg sjølv, gå sine eigne vegar, gjera det rette og finna dei gode verdiane.

Det er sjeldan å høyra konfirmasjonstalar der pengar og materielle ting blir framheva som det viktigaste i livet. Ingen strøyer setlar som konfetti over konfirmanten eller spelar Money, money, money over høgtalaranlegget.

Ei stadig dyrare konfirmasjonsfeiring med stadig meir strigla opplegg er ein logisk konsekvens av resten av samfunnsutviklinga, og i den grad det blir tematisert, er det gjerne gjennom oppslag om dei som må gå til NAV for å få hjelp til feiringa.

Men det kan sjå ut som at me andre også slit litt, ikkje minst når det kjem til dobbeltkommunikasjon overfor den oppvaksande slekt.
For det er fint å syngja Alltid freidig når du går og Din tanke er fri. Men kor freidig og kor frie er me eigentleg?

The post Tid for transaksjonar appeared first on Suldalsposten.

Møteulukke ved Lovraeidet

$
0
0

Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø opplyser til avisa at politiet fekk inn melding klokka 16.35 torsdag ettermiddag om ei møteulukke.
– Den eine bilen, i motgåande køyrefelt, køyrde inn i den andre bilen. Brannvesenet vart varsla og rykka ut, og stadfesta at det ikkje var personskader og heller ikkje mistanke om promillekøyring.
Indrebø legg til at det ikkje blir oppretta noko sak frå politiet si side, då det ikkje vart påvist personskader.

The post Møteulukke ved Lovraeidet appeared first on Suldalsposten.


Pris til Norsk Stein og Suldal Foto

$
0
0

I kveld vart det klart at Årets Suldalsbedrift 2016 er Norsk Stein og prisen som Årets Suldalsambassadør 2016 går til dei tre fotografane, Jarle Lunde, Vidar Lunde og Morten Brekke i Suldal Foto.

Stor på stein
Vinnaren av Årets Suldalsbedrift 2016 er eit ektefødt barn av Ulla-Førre og eit aldri så lite gründereventyr. Ved å utnytte verdifulle naturressursar har bedrifta vakse seg stor og sterk og er ei hjørnesteinsbedrift i Suldal. Sidan oppstarten i 1987 har det blitt gjort store og viktige investeringar for å styrke konkurransekraft og bu seg på framtida, og bedrifta framstår i dag som ein solid nasjonal og internasjonal aktør i sin bransje., skriv juryen i si grunngjeving.

Suldalsnatur ut i verda
Juryen meiner at Årets Suldalsambassadør – eller ambassadørar – gir publikum minnerike og eksklusive naturopplevingar gjennom sine kortreiste bilete. Opplevingane er som skattar, og dei kan opplevast igjen og igjen med stadig nye inntrykk. Og det beste av alt – dei er berre eit lite klikk unna. Dei tre som til saman er Årets Suldalsambassadør 2016 er like ekslusive som bileta dei deler, og viser eit engasjement og stolthet for Suldalsnaturen som blir formidla langt ut over Suldal sine grenser.

Meir om prisutdelinga i papiravisa neste veke.

The post Pris til Norsk Stein og Suldal Foto appeared first on Suldalsposten.

Treng ny tankbil

$
0
0

Behovet for ein tankbil er ikkje nytt, men nå har Suldal Bad lagt ekstra trykk på investeringa, som har ei ramme på 5 millionar kroner. Arbeidet med det nye badet og krav til nybygget viser nemleg at vassmengda og trykket på Eide ikkje tilfredsstiller krava til branntrygggleiken i nybygget. Ei forbetring av trykket vil vera svært krevjande, og rådmannen meiner det er betre å gå for å investera i ein ny tankbil. For å få sett bilen i bestilling alt nå og ha bilen ferdig til neste år, kjem investeringa utanfor budsjettprosessen. Det hadde ikkje fleirtalet i LMT-utvalet sans for, der fleirtalet etter forslag frå leiar Magne Langeland (Sp) meinte løyvinga fekk komma som sak og bli prioritert i budsjettsaka. Berre Jarle Haugsland (KrF) stemte mot å venta.

Høyrer til brann-IKS`et
Og i formannskapet meinte samtlege av dei folkevalde at det er rett å få sett tankbilen i bestilling omgåande. Planen er å få med Statens vegvesen på eit spleiselag på bilen, som også vil vera svært viktig dersom det skulle oppstå brann i ein av Suldals mange tunnelar, som vegvesenet har ansvaret for.
Etter litt fram og tilbake rundt formuleringane, var det Rainer Speth (H) som blei smeden bak punktet om at «utgifta med fråtrekk av tilskot frå Statens vegevesen blir lagt inn i budsjettet for 2018.».
Det er kommunestyret som har det endelege ordet i saka på sitt møte i morgon kveld, men slik det nå ser ut, vil Suldal kunne ha tankbilen i løpet av første kvartal neste år. Rådmannen presiserer at ein slik bil, på linje med alt anna materiell, blir overført til det interkommunale brann-og redningsselskapet Suldal nå er med i. Men det er også presisert i rådmannens sak at dersom vegvesenet bidrar til innkjøpet, vil eitt av deira krav vera at bilen blir stasjonert i Suldal.

12 000 liter vatn
Planen er at bilen skal vera stasjonert på Sand, men at den kan rykka til andre grender ved behov, brannvesenet har erfart at det kan vera vanskeleg med tilgang på vatn i sløkkjearbeidet. Den aktuelle bilen vil ha kapasitet på 10-12 000 liter vatn og også ha utstyr som varmesøkjande kamera, ekstra luft til røykdykkarar, vasskanon og diverse anna utstyr.

The post Treng ny tankbil appeared first on Suldalsposten.

Suldølen flinkast i betalingsklassen

$
0
0

289 000 nordmenn har ikkje betalt årsavgifta på køyretøyet sitt i tide.

Best i Rogaland
Suldølen derimot er best i Rogaland. 3630 krav er sendt til kommunen og berre 184 purringar. Det utgjer fem prosent av krava, og med det troner Suldal på toppen av kommunetabellen i Rogaland.
Totalt betaler suldølen 7 827 440 kroner i årsavgift, og beløpet som er purra av Skatteetaten, er 345 340 kroner.
Dårlegast i Rogaland til å gjera opp årsavgifta er innbyggjarane i Forsand, der 8,6 prosent har fått purring for manglande betaling. I berre seks kommunar i landet er innbyggjarane flinkare å betala årsavgifta enn i Suldal.

The post Suldølen flinkast i betalingsklassen appeared first on Suldalsposten.

FILM: Vestre korridor gjennom Suldal

$
0
0

Statnett har rigga seg med anleggskontor på Sand i samband med prosjektet Vestre korridor og oppgraderinga av linjenettet frå 300 kilovolt til 420 kilovolt. Førebuinga til tredje og siste leidningsprosjekt, frå Lyse til Sauda, nærmar seg Suldal. Sjå filmen til Statnett, der du blir med på ein virtuell flygetur over linjestrekket.
Les meir om saka i denne vekas papiravis.

The post FILM: Vestre korridor gjennom Suldal appeared first on Suldalsposten.

Kven tar æra?

$
0
0

Suksess har mange fedrar, mens fiaskoen er foreldrelaus, heiter det. Heller ikkje i Suldal er det normalt mange som stiller seg opp for å bekjenna verken mor – eller farskap til det som går åt skogen. Men det er heller ikkje utprega kamp på kniven om å få ta æra for det som går grusomt godt. Me har liksom ikkje heilt utvikla språket for suksess-snakk, ikkje rart for eit folkeferd og ein kultur der sjølv høge lovprisningar gjerne går i nektande form. Ikkje verst det der, nei!

“Fineste du” og å “heie” på folk, blir nok låneord i suldalsspråket i nokre generasjonsledd til, og det å trø opp på scenen og å strekkja hendene triumferande og trassig som ein Rocky, det er vanskeleg. Sigeren tar me stilt som ein drops under tunga. Det er meir enn godt nok, det.
Men for Suldal kommune, som har ein tendens til å oppføra seg litt som resten av suldølen, er det på høg tid å lena seg meir framover.

Rådmann Øyvind Valen har vore lenge nok i jobben til å kjenna kommunen og kort nok til at han endå har utanfrå-blikket som ser skattkammeret litt på ein distanse. Kjærkomment, tankevekkjande og ganske så underhaldande til tider.

Det er ein både ærleg, litt oppgitt og svært polemisk Valen som valsar opp med dei folkevalde og eigentleg også litt med gamle tradisjonar når han tar kommunens audmjuke giverrolle eit tak. – Me gir og me gir, men kva får me tilbake, kva sponsor er det som ikkje krev at namnet står? spurde Valen formannskapets folkevalde under årsmeldinsmøtet nyleg.

Det er gode spørsmål. Skattkammeret Suldal-merkevara som i ord og bilde profilerer den eksotiske, trygge og aktive kommune. Men står det Suldal kommune nokon stad?

Kvifor er ikkje Suldal kommune synleg der eller på turstien i Fjellbergsskardet, som rådmannen sjølv trekte fram, der kommunen har bidratt med rundt 60 000 kroner?

Lir kommunen av mindreverdskompleks?  Har fråflyttingstrenden gått så hardt utover sjølvbildet at den rike kommunen nå berre er glad for å få lov til å betala i hender som tar imot?

Suldal kommune kan ikkje leggja seg på benken hjå nokon terapeut, men rådmannens spørsmål peikar på noko som går mykje djupare enn at det kan forklarast med rutinar og som bør få gode debattar til å gå blant dei folkevalde og i administrasjonen.  Ein kommune har også eit sjølvbilde. Og før det er solid og sterkt, blir det lite drag i slagorda.

The post Kven tar æra? appeared first on Suldalsposten.

Nytt håp

$
0
0

Det er tent nytt håp for Rødsliane og forsering av tunnelen på den rasfarlege strekninga på rv. 13 mellom Erfjord og Sand. Skuffelsen lokalt har vore stor over at den i NTP-forslaget frå Regjeringa ikkje er flytta fram, men ligg i siste del av planperioden, som inneber mellom 2024-2029.

Vil vurdera forskuttering
Men nå kjem fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) og Rogaland fylkeskommune på banen for smertensbarnet rv. 13. Tengs har gitt stortingspolitikarane i samferdslekomiteen beskjed om at fylkeskommunen vurderer forskottering dersom rassikring i Rødsliane blir framskunda. Samme melding er gitt i Vestlandsrådet.
Kva sum det kan vera snakk om å forskottera i prosjektet, som er kostnadsrekna til 800 millionar kroner, kan ikkje fylkesordføraren seia per i dag.
«Dette må det jobbes videre med for å få klarhet i premisser og økonomi«, skriv Tengesdal i ein epost til Suldalsposten i dag der ho også minner om Rødsliane er det strekket som har høgast prioritet blant rasutsette område i Rogaland.

Suldal vil også vera med
Det var breie smil og djupe lettelses-sukk då kommunestyret fekk høyra om forskotterings-utsiktene frå ordførar Gerd Helen Bø under møtet i går kveld, der det blei klart at også Suldal ønskjer å bidra med forskottering dersom det blir tunnel tidlegare. Fleire av dei folkevalde i formannskapet klaga nyleg si naud over kjensla av å bli haldne for narr av sine politiske kollegaer i byen og på Løvebakken, men i går var det berre godord. Ei kampklar Svanhild Løge Skålheim (KrF) erklærte seg glad for at det likevel ikkje er tid for å leggja ned våpena for Rødsliane og mana sine kollegaer til å kontakta sine respektive partifeller.
Samferdslekomiteen skal avgi si innstilling 25.mai.

The post Nytt håp appeared first on Suldalsposten.

Mange godbitar på musikkmenyen

$
0
0

Om tre veker er det klart for årets Ryfylkedagar. Sist veke var det billettslepp på arrangementa.

Gjentar telt-suksessen
– Det blir Ryfylketelt på Verven i år igjen, smiler Marit Larsen som fortel at mange har vore i ho for å høyra om det blir reprise av fjorårssuksessen med mat- og drikke-servering. Og det blir det. Larsen er glad for å ha same mannskapet på lag til å rigga til å få i stand ein folkefest og for at det i år vil bli på eit større uteområde og med det fleire billettar.
– I tillegg til lokale natteramnar, vil me også ha innleidde vakter.

Skinnyous og Ylva
Fredag blir det sommarfest i Sandhallen, og med DJ Skinnyous blir det både temperatur og rytme til fest med sand mellom tærne. Det blir det også med Ylva Olaisen, 16-åringen som tok seg heilt til fjorårets finale i The Stream på TV2. Den talentfulle jenta frå Vågsbygd, som hadde Espen Lind som mentor i songkonkurransen, gav mange flotte framføringar i programmet. Og som tidlegare, til dette arrangemenet som er for dei mellom 8. trinn og 18 år, blir det buss-skyss frå alle grendene til Sand denne kvelden.

Byting og lokale bluesrockarar
Byting er første bandet som entrar scena i teltet i Gata. Før dei fem telemarksgutane, som spelar folkrock og syng på Bø-dialekt, varmar trubadur Anders Kristensen opp publikum.
Laurdagen er det ny runde i teltet. Først ut til å skapa liv i leiren, er sandstrioen Reodor Bluesrockers med Oddgeir Tengesdal, Kjetil Larsen og Håkon Nielsen.

Blest og Fiddlers’ Bid
Deretter er det haugesundsbandet Blest. Trioen består av dei tidlegare Vamp-medlemmane Paul Hansen, Carl Øyvind Apeland og Torbjørn Økland.
Blest kom nyleg ut med debutalbum og ifølgje bandets Facebook-side held dei seg innan sjangrane folk, pop og rock. Apeland fortel til avisa at dei gler seg til suldalsbesøket der dei vil ha med seg Halvor Lillesund på tangentar og trekkspel, Tore Jamne på trommer og Susanne Lundeng på fele.
Neste ut denne kvelden er Fiddlers’ Bid frå Shetland. Då blir det keltisk felemusikk ut i dei små timar, frå dei sju bandmedlemmane.

The post Mange godbitar på musikkmenyen appeared first on Suldalsposten.


Suldal Bad i rute

$
0
0

Arbeidet med Suldal Bad følgjer framdrifts-planen.

Ferdig om eitt år
– I dag blir det jobba med støyping av dekke for inngangspartiet, kafeteria-området og garderobeavdelinga, fortel utbyggingssjef Lauritz Lauritzen i Suldal kommune.
Alt betongarbeid med delevegger, tankar og støyp i underetasjen, er nå ferdig, og om det ikkje dukkar opp noko skjer i bassengframdrifta, skal alt etter planen stå ferdig i juni 2018.

The post Suldal Bad i rute appeared first on Suldalsposten.

Ryfylkerådet krev uttak av fleire jerv

$
0
0

Region 1 vil seia Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I brevet, som er underteikna ordførarane i Suldal, Sauda, Hjelmeland, Strand og Forsand og som blir støtta av ni andre ordførarane frå regionen, stiller dei seg bak Rovviltnemnda som har kravd at direktoratet gir Statens Naturoppsyn (SBO) i oppdrag å vidare søkja og gjennomføra uttak av fleire jerv. Under denne vinterens linsensjakt vart ingen jervar felte, men SNO skadefelte jerv etter at lisensperioden gjekk ut den 15. februar i år. Likevel står det att fire jerv på den vedtatt kvoten. Både Ryfylkerådet og Rovviltnemnda viser til fleire jervobservasjonar i det siste og uro for komamnde beitesesong i uttakskravet.

The post Ryfylkerådet krev uttak av fleire jerv appeared first on Suldalsposten.

Norsk Stein angripe av løysepengar-virus

$
0
0

Før helga vart det kjent at det såkalla løysepengar-viruset, med namnet WannaCry, spreidde seg på datamaskinar rundt i verda. I dag, måndag, har mange norske medium meldt at Norge i liten grad er ramma.

Angripe i morgontimane
Men i dag er det klart at Norsk Stein er blant dei berørte bedriftene, og det skal vera fleire i Ryfylke. Produksjonsdirektør Odd Hotvedt ved Norsk Stein stadfestar til avisa at bedrifta som nettopp blei kåra til Årets Suldalsbedrift er angripe, og at viruset, som truleg kom på e-post, vart oppdaga i dag tidleg klokka ti.
Hotvedt seier viruset ikkje har nokon direkte konsekvens for drifta, men at det er plunder og at det er veldig tungtvint å lesa e-postar. Norsk Stein er ein del av Heidelberg-konsernet, og selskapets it-avdelingar lenger sør i Europa nå jobbar med situasjonen.

The post Norsk Stein angripe av løysepengar-virus appeared first on Suldalsposten.

Dataproblema over på Norsk Stein

$
0
0

Suldalsposten skreiv i går, måndag, at Norsk Stein var angripe av det mykje omtalte løysepengeviruset med namnet WannaCry. I saka blir det slått fast at det var nettopp dette viruset som gav dataproblemer i bedrifta, men det er ikkje bekrefta.

Ingen indikasjon på at det var løysepengeviruset
Produksjonsdirektør ved Norsk Stein, Odd Hotvedt, presiserer i ein e-post til avisa at bedrifta sannsynleg vart angripe av eit virus, men om det var det såkalla løysepenge-viruset, veit han ikkje.
Hotvedt fortel at dataproblema dei opplevde i går, vart løyst måndag ettermiddag.

The post Dataproblema over på Norsk Stein appeared first on Suldalsposten.

Bildekavalkade frå 17.mai-feiringa

Viewing all 2476 articles
Browse latest View live