Quantcast
Channel: Suldalsposten
Viewing all 2476 articles
Browse latest View live

Suldal lettar på restriksjonane

$
0
0

Det var eit samrøystes formannskap som nå i ettermiddag vedtok rådmannens forslag om å lempa på innreise-restriksjonane Suldal har hatt sidan 15.mars.

Lettare for innbyggjarane
Dermed er det altså slutt på dei lovheimla restriksjonane overfor folk som reiser inn og ut av kommunen, som nå i staden får sterke oppmodingar frå formannskapet om blant anna å halda avstand og å handla lokalt. Kommunen framleis vil ha restriksjonar og krav om dokumentasjon om smittevern frå bedrifter som har overnattingspendlarar.
Meir om refleksjonene dei folkevalde gjorde seg i papiravisa onsdag.


Politiet på ransaking laurdag etter nytt tjuveri

$
0
0

Oppdatert klokka 18.30 laurdag
Politiet melder på Twitter at dagens ransaking på ei adresse på Sand kom etter melding om tjuveri frå ei bedrift i dag tidleg.
Tjuvgodset blei funne igjen på adressa og levert tilbake til bedrifta, og det blei også funne tjuvgods som tidlegare er meldt stole, opplyser politiet.
Trass gjentatte forsøk, har det ikke lukkast avisa å komma i kontakt med operasjonssentralens presselinje nå i kveldinga, men saka blir oppdatert når meir informasjon ligg føre.

Nå, laurdag ettermiddag, er politiet på ransaking på Sand. Det skal gjelda ei privat adresse, men operasjonsleiar hjå politiet kunne ikkje i ettermiddag seia om også fleire adresser vil bli oppsøkte.

Bekymra handelsstand
Både butikkar og privatpersonar på Sand har dei siste vekene vore plaga med tjuveri, nasking og trugande episodar, og sist veke fekk kommuneleiinga og politiet ei skriftleg bekymringsmelding frå prosjektleiar Marit Larsen i Suldal Vekst, som arbeider med handelsstanden og sentrum.
Om dagens ransaking har samanheng med desse episodane, kunne operasjonsleiar ikkje seia då avisa tok kontakt. Suldalsposten følgjer saka og oppdaterer når meir informasjon er tilgjengeleg.

Natt til søndag stiller me klokka ein time fram

$
0
0

– Når vi stiller klokka fram, blir natta en time kortere. Vi kan heldigvis glede oss over lysere kvelder framover, seier næringsminister Iselin Nybø. Ho har ansvar for Justervesenet, og med det også full kontroll på nøyaktig tid her i landet.

Departementet har samla eit knippe spørsmål og svar om sommartid og vintertid:

Hva skjer i Europa?
Europakommisjonen la i 2018 frem forslag om å avvikle ordningen med å stille klokka frem og tilbake. Nå lurer mange på hva som er status for forslaget. Det er fortsatt uvisst. Rådet har ikke vedtatt forslaget som EU-kommisjonen har lagt fram, og som EU-parlamentet gikk inn for i fjor.
– Jeg vet at det er mange som mener mye om å stille klokka. Skulle forslaget bli vedtatt i EU, blir det opp til hvert EU-land å bestemme om de ønsker å bruke sommertid eller vintertid som sin normaltid. Da må også Norge ta stilling til hva vi ønsker å gjøre, sier næringsministeren.

Hva er huskeregelen for stillingen av klokka?
En grei huskeregel er at klokken alltid skal stilles mot nærmeste sommer. Altså en time frem om våren (mot sommeren) og en time tilbake om høsten (mot sommeren). Det betyr at vi får en time mindre til helgen.

Hva skjer i EU?
Forslaget er enda ikke vedtatt i EU. Europaparlamentet stemte over forslaget 26. mars hvor forslaget gikk igjennom, men det pågår også diskusjoner i Rådet. Når EU-landenes posisjon er klare starter såkalte «trilogforhandlinger» med Europaparlamentet.

Hvem bestemmer over (den offisielle) tiden i Norge?
Justervesenet

Hvem er tidsminister i Norge?
Næringsminister Iselin Nybø har ansvar for Justervesenet.

Hvorfor stiller vi klokka?
Den historiske grunnen til sommertidsordningen var energisparing. Noen land innførte sommertid under første verdenskrig for å spare kull som skulle brukes i krigen. Det sies at George Hudson var den første som foreslo sommertid. Han var forsker og ønsket seg mer sol på kvelden for å drive med insektsamling.

Sparer vi strøm ved å stille klokka?
Nyere studier viser at vi i dag sparer omtrent ingenting.

Risikerer vi at alle land i Europa får forskjellig tid når sommertidsdirektivets oppheves?
Svært mange land i EU/EØS-sonen følger tidssonen sentraleuropeisk tid. Når forslaget legger opp til at hvert medlemsland skal velge om de vil videreføre vintertid som normaltid, eller velge sommertid som ny normaltid innebærer dette risiko for økte tidsforskjeller i EU.

Hva er sommertid, vintertid og normaltid?
Norsk normaltid (også kalt vintertid) er en time foran den såkalte UTC-tid. UTC står for ”Coordinated Universal Time”, som er en felles, legal tid som gjelder over hele verden. Sommertid er den perioden av året hvor klokkene stilles en time fram sammenlignet med resten av året. Sommertid ble opprinnelig innført i en rekke land i Europa under første verdenskrig, hvor hensikten var å utnytte dagslyset bedre i den perioden av døgnet man normalt er våken. Én lys time ekstra om kvelden ville blant annet spare energi til oppvarming og belysning. Norsk sommertid er to timer foran UTC-tid. Sommertid gjelder normalt kl 02.00.00 siste søndag i mars til kl 03.00.00 siste søndag i oktober.

Hvor lenge har Norge hatt sommertid?
Norge hadde sommertid første gang i 1916, deretter 1940-45, 1959-1965 og så hvert år siden 1980. Kilde: Snl.no

Hva er de gode huskereglene for hvilken vei klokka skal stilles?
En god huskeregel kan være at på våren ser man fram til sommeren, og stiller dermed klokken fram. På høsten lengter man tilbake til sommeren, og stiller klokken tilbake.

Hva gjør nabolandene våre?
Sverige, Finland og Danmark har sommertidsordning i dag. Russland og Island har ikke.

Hva er definisjonen av et sekund?
Sekundet er definert som varigheten av 9 192 631 770 perioder av strålingen som svarer til overgangen mellom de to hyperfinnivåene av grunntilstanden til Cesium 133-atomet.

Hvem fant opp tiden?
Rommet og tiden er uløselig sammenvevd i en firedimensjonal «romtid» som oppstod da universet ble til ved det store smellet for ca. 13,8 milliarder år siden. Kilde: Snl.no

Hvem fant opp klokka?
De første «klokkene» ble ikke funnet opp, men var basert på systematisk observasjon av naturlige fenomener som viser tidens gang. Soluret er blant de tidligste astronomiske instrumentene. I et solur utnytter man jordens jevne rotasjon og skyggen fra en sentral stående viser til å lage en urskive som viser tidens gang. Solur fantes i det gamle Egypt og nevnes også flere steder i det gamle testamentet.

Finnes det en «urklokke» som alltid går riktig og hvor står den?
Koordinert universaltid (UTC) er ikke basert på én supernøyaktig klokke, men baserer seg på et gjennomsnitt fra signaler fra ca. 500 atomur rundt om i verden. På Justervesenets tidslaboratorium står det 4 atomur som er med i denne ordningen.

Hva betyr UTC?
UTC står for Universal Time Coordinated, eller koordinert universaltid, på norsk.

Hva er DST?
Daylight Saving Time er den amerikanske betegnelsen for sommertid.

Hva er skuddsekund og hvor ofte får vi det?
Behovet for skuddsekund kommer av at jorden roterer uregelmessig og gradvis saktere, mens de rundt 500 atomurene som bestemmer UTC går jevnt. De siste årene har et døgn i gjennomsnitt vært omtrent et tusendels sekund lengre enn nøyaktig 24 timer. Ordningen med skuddsekund startet i 1972 og det siste ble lagt til i overgangen mellom 2016 og 2017.

Skadeverk, tjuveri og skot

$
0
0

Same natt blei der gjort skadeverk og tjuveri frå ein båt som ligg på land.

Fleire meiner dei høyrde skot
GDE-leiar Siri Fisketjøn Indrebø seier at fleire sandbuar tok kontakt med politiet i 23.30 tida fredag kveld etter at dei hadde høyrt eit smell dei var redde for kunne vera skot. Dette var på same tid som raset mellom Sauda og Hellandsbygd blei meld. Indrebø fortel at ein var redd det var ein bil i raset, som gjekk ved Gjuvastøl på fylkesveg 520 ikkje langt frå Almannajuvet, og at politiet derfor blei nøydd med å prioritera å senda mannskap dit.
– Eg er veldig nøgd med at publikum melder frå, og alle som melde frå om det dei hadde høyrt, blei følgt opp dagen etter. Det er litt uklart om det har vore eit skot eller eit smell frå noko anna, men etter ei samla vurdering kan det vera grunn til å tru at det ikkje har vore eit skot. Men heilt sikre kan me ikkje vera, medgir GDE-leiaren.

Ransaka to bustadar
Etter at tjuveri og skadeverk på ein båt blei meld om laurdag morgon, ransaka politiet to adresser på Sand. Der blei det gjort funn av utstyr frå både båten og tjuvgods som stammar frå andre tjuveri på Sand.
– Det blir oppretta sak på skadeverket og tjuveriet frå båten, seier Indrebø og legg til at politiet nå prøver å oppspora eigarane til resten av tjuvgodset dei fann.
Dei to som er melde for tjuveri og skadeverk, er begge heimehøyrande på Sand og er i 30-åra. GDE-leiaren fortel at dei tilhøyrer det same miljøet som tidlegare har vore beskrive som trugande mot handelsstanden på Sand.

Håper å få slutt
Både butikkar og privatpersonar på Sand har dei siste vekene vore plaga med tjuveri, nasking og trugande episodar, det håper GDE-leiaren det snart blir slutt på.
– Me held trykket oppe med både etterforsking og patrulje, men treng hjelp frå publikum, som må varsla politiet når uønskte hendingar oppstår. Det er for tida god kapasitet, og eg oppmodar til å ringa operasjonssentralen på 02800. Då blir dei sett over til lokalt politi, lover Indrebø.

Fantastiske forhold på heia

$
0
0

– I dag, tysdag, er det lett snøvêr. I Breiastøldalen ligg det rundt ein meter med snø, og i enden mot Sandsa, er det nok bortimot halvannan meter, reknar han. Han treff ein del foreldre og barn som er ute og luftar seg med ski på beina, elles er det lite folk i spora.

Hyttefolket er vekk
– Hyttefolk ser eg ingenting til på hyttene, men eg har treft somme som har vore på dagstur for å henta heim mat dei har lagra til påskeferien. Og eg har heller ingen jobb i år med å køyra inn bagasje til hyttene, fortel han og legg til at det nok ikkje blir ei palmehelg som den brukar å vera til fjells i helga.
Nerheim kjem til å køyra spor som før til Langeli, Breiastøldalen til Sandsaosen, Åslia og i lysløypa. I påsken blir det også køyrt spor frå Hedlebrekk, men ikkje så langt og mykje som til ein vanleg påske.
– Eg håper suldølen kjem til fjells i påsken, det er kjekt å treffa folk, inviterer Nerheim.

TYSDAG: Framleis ikkje påvist smitte i Suldal

$
0
0
TYSDAG:  Framleis  ikkje  påvist  smitte  i  SuldalI dag, tysdag ettermiddag, er status at det framleis ikkje er påvist Korona-smitte i Suldal. […]

Suldal: Aukande tal på dagpenge-søknader ved permittering

$
0
0

Frå veke 11 og fram til og med måndag denne veka, er det i Suldal registrert 129 innsende søknader om dagpenger under permittering.

35 nye søknader sist veke
Dei siste oppdaterte tala frå NAV, viser at i sist veke vart det registrert 35 dagpenge-søknader, mot 89 veka før.
Det totale talet, 129, utgjer 6,5 prosent av arbeidstyrken i Suldal kommune.
Så langt i Rogaland er talet på søknader om dagpengar ved permittering 23 617, der 5 395 søknader kom inn i sist veke. I heile landet er det dei siste tre vekene registrert 289 249 søknader.
Denne veka opna NAV for at alle som har søkt om dagpenger, permitterte og arbeidsledige, kan søkja om eit forskot via nettsida til NAV. I løpet av måndag mottok NAV 20 400 slike søknader, som i sum totalt utgjer 327 millionar kroner.

Omsetting av eigedommar i Suldal komune

$
0
0

Bogsundvegen 132 (Gnr 149, bnr 1) er overdrege frå Olav Erfjord til Bengt Erfjord (03.03.2020)
Overdraginga omfattar også del av Gnr 166, bnr 2
Overdraginga omfattar også del av Gnr 166, bnr 3
Del av Skjærabergveien 8 (Gnr 22, bnr 110, seksjon 2) i Stavanger kommune er overdrege frå Svein Bernhard Dørheim til Kari Vibeke Thu (05.03.2020)
Overdraginga omfattar også del av Suldalsvegen 909 (Gnr 13, bnr 10) i Suldal kommune
Rota 1 (Gnr 5, bnr 1, fnr 21) er overdrege til Tor Magne Pettersen (05.03.2020)
Austmannsvegen 12 (Gnr 103, bnr 637) er overdrege for kr 1.500.000 frå Vegard Hoftun Foss til Sted Eiendom as (06.03.2020)
Gullingvegen 673 (Gnr 10, bnr 2, fnr 17) er overdrege til Kjellaug Voster og Kåre Voster (04.03.2020)
Del av Osen 6 (Gnr 30, bnr 57) er overdrege frå Tore Johnny Bråtveit til Dorothee Tettweiler (06.03.2020)
Øvre Kilen 20 (Gnr 60, bnr 34) er overdrege frå Hallvard Bratland til Gullbjørg Bratland (09.03.2020)
Overdraginga omfattar også Suldalsvegen 4983 (Gnr 63, bnr 1)
Tengesdalsvegen 6 (Gnr 85, bnr 1) er overdrege for kr 1.025.589 frå Sonja Anny Lid til Gunstein Vanvik (26.04.2010)
Overdraginga omfattar også Gnr 85, bnr 13
Overdraginga omfattar også Gnr 85, bnr 14
Overdraginga omfattar også Tengesdalsvegen 33 (Gnr 85, bnr 15)
Tengesdalsvegen 33 (Gnr 85, bnr 15) er overdrege frå Gunstein Vanvik til Erling Ivar Vanvik (10.03.2020)
Rossemyrvegen 10 (Gnr 59, bnr 51) er overdrege frå Bjarne Torleif Steine til Berta Nilsine Steine (11.03.2020)
Rossemyrvegen 10 (Gnr 59, bnr 51) er overdrege frå Berta Nilsine Steine til Audhild Steine (11.03.2020)
Eidssjøen 21 (Gnr 93, bnr 16) er overdrege for kr 2.000.000 frå Steinar Husevåg til Ruth Elise Borge Bergkåsa og Magnus Borge Johansen (10.08.2018)
Salet omfattar også Gnr 93, bnr 28
Stavastølvegen 175 (Gnr 11, bnr 2, fnr 16) er overdrege til Karen Førsvoll Aas og Sverre Aas (12.03.2020)
Del av Suldalsvegen 2746 (Gnr 92, bnr 1) er overdrege for kr 1.350.000 frå Olaug Berg Stewart til Clyde Edward Stewart (05.09.2014)
Overdraginga omfattar også Gnr 92, bnr 7
Gnr 92, bnr 7 er overdrege for kr 20.000 frå Clyde Edward Stewart til Statnett Sf (16.03.2020)
Myravegen 65 (Gnr 112, bnr 16) er overdrege frå Leif Hebnes til Arvid Hebnes (17.03.2020)
Generalvegen 60 (Gnr 110, bnr 10) er overdrege for kr 2.400.000 frå Bjarne Andreas Baardsen til Bjørn Arne Baardsen (06.07.2009)
Overdraginga omfattar også Generalvegen 62 (Gnr 110, bnr 147)
Marvikvegen 176 (Gnr 126, bnr 1) er overdrege for kr 140.000 frå Magnar Stokka til Albrigt Stokka (18.01.2006)
Overdraginga omfattar også Marvikvegen 225 (Gnr 126, bnr 66)
Overdraginga omfattar også Marvikvegen 170 (Gnr 126, bnr 68)
Overdraginga omfattar også Marvikvegen 208 (Gnr 126, bnr 69)
Overdraginga omfattar også Gnr 126, bnr 72
Overdraginga omfattar også Øygarden 28 (Gnr 126, bnr 73)
Overdraginga omfattar også Gnr 126, bnr 74
Overdraginga omfattar også Gnr 126, bnr 75
Overdraginga omfattar også Øygarden 42 (Gnr 126, bnr 77)
Overdraginga omfattar også Gnr 126, bnr 89
Suldalseidvegen 411 (Gnr 21, bnr 1, fnr 11) er overdrege for kr 640.000 frå Per Sigurd Velde til Hilde Birkeland Sund (20.03.2020)
Rygjatunvegen 18 (Gnr 93, bnr 12, fnr 2) er overdrege frå Olav Lia til Magnhild Enger Lia (24.01.2020)
Gnr 110, bnr 126 er overdrege for kr 90.000 frå Odd Kristian Foldøy til Marit Jorun Eriksen og Atle Ingar Vold (24.03.2020)
Prestaåsen 55 B (Gnr 103, bnr 354) er overdrege for kr 1.850.000 frå Larisa Gabriela Nielsen til Karen Hiim Benninghoff (24.03.2020)
Rygjatunvegen 18 (Gnr 93, bnr 12, fnr 2) er overdrege for kr 50.000 frå Magnhild Enger Lia til Rygjatun Eigedom as (24.03.2020)
Del av Fjellvegen 1070 (Gnr 161, bnr 1) er overdrege for kr 255.500 frå Sigrid Haugsland til Johan Haugsland (28.01.1993)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 1085 (Gnr 161, bnr 2)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 710 (Gnr 161, bnr 5)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 690 (Gnr 161, bnr 6)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 702 (Gnr 161, bnr 7)
Overdraginga omfattar også Gnr 161, bnr 9
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 706 (Gnr 161, bnr 10)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 694 (Gnr 161, bnr 11)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 696 (Gnr 161, bnr 12)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 1080 (Gnr 161, bnr 13)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 692 (Gnr 161, bnr 14)
Overdraginga omfattar også Fjellvegen 708 (Gnr 161, bnr 15)
Gnr 161, bnr 1, fnr 12 er overdrege for kr 715.000 frå Kåre Bygnes til Kristin Hatløy og Allan Rune Øvereng (26.08.2005)
Salet omfattar også Fjellvegen 708 (Gnr 161, bnr 15)
Fjellvegen 708 (Gnr 161, bnr 15) er overdrege for kr 65.000 frå Johan Haugsland til Kristin Hatløy og Allan Rune Øvereng (25.03.2020)
Sandsvegen 188 (Gnr 101, bnr 2) er overdrege for kr 5.832.000 frå Ola Hauge til Jan-Halvard Møgedal og Janne Bergland Møgedal (25.03.2020)
Ulladalen 14 (Gnr 6, bnr 1, fnr 1) er overdrege frå Hans Natland til Bjørg Evelyn Halsne, Bjørn Erik Hansen Natland, Einar Natland, Gølin Marie Natland og Hans Vegard Natland (26.03.2020)
Del av Ulladalen 14 (Gnr 6, bnr 1, fnr 1) er overdrege for kr 100.000 frå Bjørg Evelyn Halsne, Einar Natland, Gølin Marie Natland og Hans Vegard Natland til Bjørn Erik Hansen Natland (26.03.2020)
Suldalsvegen 917 (Gnr 13, bnr 2) er overdrege for kr 2.600.000 frå Valborg Bergjord til Ole Martin Eikeland (24.06.2004)
Salet omfattar også Suldalsvegen 881 (Gnr 13, bnr 4)
Salet omfattar også Suldalsvegen 905 (Gnr 13, bnr 9)
Salet omfattar også Suldalsvegen 909 (Gnr 13, bnr 10)
Salet omfattar også Suldalsvegen 907 (Gnr 13, bnr 11)
Salet omfattar også Suldalsvegen 916 (Gnr 13, bnr 12)
Salet omfattar også Suldalsvegen 901 (Gnr 13, bnr 14)
Salet omfattar også Suldalsvegen 903 (Gnr 13, bnr 15)
Gnr 13, bnr 2, fnr 5 er overdrege for kr 270.000 frå Margunn Bjordal, Kjellaug Hovlandsvåg, Åshild Lunde, Solveig Ritland Rimmereid, Nils Ritland, Steinar Ritland, Ingvald Førland, Sigrid Førland, Egil Anderssen, Olav Anderssen, Solveig Anderssen og Kathrine Gregersen til Oddvin Marvik (08.10.2015)
Salet omfattar også Suldalsvegen 901 (Gnr 13, bnr 14)
Ytre-åsen 10 (Gnr 27, bnr 80) er overdrege frå Halldis Johanne Hoås til Jorunn Hoås, Magnhild Hoås, Petter Hoås og Kjellaug Hoås Samland (30.03.2020)
Levert av Ambita as


Kan Korona-krisa berga Rødsliane?

$
0
0

Motløysa og overraskinga Kari Vaage Gjuvsland,Ap (bildet) kjende då ho fann ut at rassikring av riksveg 13 Lovraeidet- Rødsliane ikkje nådde opp på Staten vegvesen sine prioriterte prosjekt til Nasjonal Transportplan (NTP) 2022-2027, er erstatta av kampvilje.

Ferdig reguleringsplan
Gjuvsland trur den politiske behandlinga og koronakrisa vil gi prosjektet kjærkommen drahjelp.
– Både lokalt, regionalt og på fylket har me politisk støtte for at det Rødsliane sin tur. Nå må me jobba prosjektet inn på Stortinget. Det finst endåtil ein ferdig reguleringsplan for tunnelen. Slike planar er ferskvare, så det ville vore for gale om ikkje prosjektet kom i gang med det første, seier Kari Vaage Gjuvsland.

Krisepakke på gang
Divisjonsdirektør Per Morten Lund i Transport- og samfunnsavdelinga kan stadfesta at fleire vegar enn planlagt vil bli opprusta i samband med Korona-krisa. Men han kan ikkje lova at dette kjem Rødsliane til gode, sidan han ikkje kjenner detaljar i lista vegvesenet har sendt regjeringa.
– Samferdsledepartementet har bestilt ei liste frå vegvesenet over moglege tiltak. Me har laga eit forslag med vegprosjekt frå heile landet, og har tatt godt i, så er det opp til regjeringa å finna ut kva ambisjonsnivå ein vil leggja seg på, seier Lund.

Passar godt i krisepakke
Vaage Gjuvsland helsar slike motkonjunktur-tiltak hjarteleg velkommen og påpeiker at anleggsbransjen har slite ei heil stund, også før Korona-krisa.
Ho meiner Rødsliane må høva godt i ein slik krisepakke, fordi det er komme så langt i planlegginga. Men uansett vil ho nå setja alle klutar til for å få prosjektet med i Nasjonal Transportplan.
–Kjem det med i NTP, har Rogaland fylke lova å vera med og forskottera, Suldal kommune har sagt seg viljuge til å forskottera renteutgiftene, opplyser ho.

Ikkje rasfarleg nok
Olav Svangstu er NTP-koordinator ved Transport- og samfunnsdivisjonen på Utgreiingsseksjon Vest. Han kan ikkje kommentera enkeltvala som er tekne i samband med vegvesenet si liste over prioriterte prosjekt til Nasjonal Transportplan dei første seks åra i vegplanperioden. For andre periode, 2028-til 2033, er det ikkje spesifisert prosjekt i forslaget. Dette er i samsvar med bestillinga frå Samferdsledepartementet. Skredsikringsprosjekta er prioriterte etter kor rasfarlege dei er, opplyser Svangstu.

Håpar på 2-3 millionar i krisepakke-pengar til Suldal

$
0
0

Krisepakkeforliket fra sentralt hald gir fem miliardar til kommunane, og rådmann Øyvind Valen reknar med at Suldal av denne potten får 2-3 millionar kroner.

Køyrer fram mindre vedlikehaldsprosjekt
Han og staben hans jobbar med å få fram ei liste på mindre vedlikehaldsprosjekt som eigentleg er planlagde dei neste par åra, men som nå kan bli kjærkomne arbeid for lokale bedrifter.
– Me vil køyra prosjekt i størrelsesorden 100 000- 1 million kroner, så dei kan setjast i gang nå, seier Valen til avisa tysdag føremiddag.

Kontakten med næringslivet
Det var også bodskapen hans til formannskapet sist veke, der fleire av dei folkevalde var opptatt av om kommunen nå held kontakt med næringslivet om korleis situasjonen er, og korleis kommunen kan hjelpa til i ei svært vanskeleg tid for mange av bedriftene.
Kari Vaage Gjuvsland (Ap) var opptatt både av bedriftene, men også klar på at ho ønskjer at kommunen må følgja opp suldalslærlingar slik at dei ikkje kjem i ein situasjon der ikkje får fullført læretida si.
– Er der motkonjukturtiltak me kan gjera? ville ho vita.

Tøffast for reiselivsbedriftene
Rådmann Øyvind Valen kunne fortelja at kommuneleiinga har hatt møte med næringsforeninga og Suldal Vekst.
– Mange bedrifter har det vanskeleg, ikkje minst reiselivet, som er ei av dei viktigaste næringane i vår kommune. Men to av dei store hotella har fått anleggsarbeidarar, fortalde Valen, som sa at kommunen ikkje har full oversikt over lærlingar, men at kommunen arbeider for at deira lærlingar får halda fram.

Godt budde, men spår tøffe tider også for kommunen
Men rådmannen la ikkje skjul på at han innser at det også vil bli vanskelege tider i kommunesektoren.
– Me kan nok bruka litt av oppsparte midlar, men den økonomiske driftssituasjonen framover vil bli tøffare framover med mindre skatt og tilsvarande.
Då Suldalsposten snakka med Valen i går føremiddag, sa han at det for kommunen nå handlar om å halda drifta gåande, hindra smitte og å vera budde på det som kan komma.
– Me er godt budde, meiner Valen, som også seier inntrykket hans er at ordningane overfor bedrifter med innreisande overnattingspendlarar blir løyst greitt.

LEIAR: Det er nye tider, men hjartet er det samme

$
0
0

Det var Sigrid Undset, den store forfattaren, som så meisterleg observerte det:
«Sed og skikk forandres meget (..) Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager».
Det er ikkje berre sed og skikk som har forandra seg dei siste vekene. Me står alle med ein mildt sagt ommøblert kvardag. Det som var sikkert og sjølvsagt, er det ikkje lenger, me må leva annleis, og me må leva med uvisse, bekymring og uro. For arbeid og inntekt, for korleis framtida skal bli, og for somme blant oss handlar det om det mest grunnleggjande, liv og helse.

Det mykje å aksla for den enkelte av oss. Når unntakstilstanden er i ferd med å gå over i ein ny kvardag som me ikkje heilt ser slutten på, blir det også meir plass til bekymringar som sjokket tok litt av for i starten.
Det er alvor. Me må læra oss å leva annleis utan å ha fasiten for kor lenge og korleis det vil sjå ut på andre sida. Situasjonen utfordrar oss som felleskap, som enkeltmenneske og enkeltfamiliar, men det er heller ingen tvil om at som all endring, kan også denne situasjonen også gi oss læring og utvikling.

Mennesket er uendeleg tilpasningsdyktig, og det er eit aldri så lite paradoks, for endring er noko av det me likar minst. Me gjer det ikkje før me må. Då er me til gjengjeld svin-gode på det; er det noko historia fortel oss, er det nettopp det.
Og det må me tru; at me inn i framtida skal ta med oss lærdom fra denne tida, både lærdommar om nytt og lærdommar om kva me kanskje kan kvitta oss med for godt.
Det er hjernen vår. Hjartet er det annleis med. Det forblir det samme og treng den samme serveringa som før. Varme, omtanke, glede og fellesskap. Nå meir enn nokon gong.

Det er ingen mangel på nyhende å slå opp på ei avis-framside i desse dagar. Og nyhenda skal me bringa; om korleis suldalssamfunnet og alle aktørar må omstilla seg, læra nytt og takla motgang og krise.
Men i dag, inn mot palmehelga, vel me å la hjartet få framsida av avisa også, i ein håpefull trass mot alt som er tøft nå. Takk til dei dyktige og kreative kvinnene som har spøtt og hengt opp raude hjarte i trea rundt sjukeheimen og på Vinjarheim. Det rører oss og det bind oss saman. Det treng me meir enn nokon gong her me strevar med å finna vegen gjennom den nye kvardagen.

Esther Moe
redaktør

Det blir Korona med sukker og fløyte til sommaren

$
0
0

Sjølv om Gjerde er veldig usikker på årets sesong, jobbar han nå i jordbæråkeren og følgjer vanleg oppskrift.

Mykje er usikkert
Jordbærbonden har fått råd frå bransjen han driv i om å prøva som normalt, og det er det han gjer nå. Den siste månaden har han hatt fire arbeidarar frå Litauen i arbeid. Dei hjelper han med å setja opp plasttunellane og tabletop, dei plantar og lukar.
– Men dei er ikkje plukkarar, og det er noko av det som uroar meg mest. I månadsskiftet mai – juni treng eg plukkarar frå Litauen, og om det blir mogleg, er det ingen som veit i dag, seier Gjerde. Han slår fast at det å plukka jordbær er ein tøff jobb, og han er usikker på om norske arbeidarar står like godt i den jobben.

Sesongarbeidarar
Gjerde fortel at Litauen er eitt av dei landa der Korona-smitta ikkje er veldig utbreidd endå, men at den også breier seg der. Utanlandske sesongarbeidarar må ha både arbeidskontrakt og opphaldsløyve før dei kan reisa, det er nytt av året. Tidlegare har dette vore mogleg å ordna i etterkant.
– Me vil nok ikkje slita like mykje som dei store, for med tre hus på garden, er det lett å både ha dei i karantene og å husa dei eg treng.

Kva med kundane?
Trass all uvissa, trur Gjerde det blir lettare for dei små jordbærbøndene enn dei store i år, og sjølv har han fått kontrakt på levering til Gartnerhallen. Han har liten tru på innførsel av utanlandske bær og trur heller ikkje at dei største jordbærprodusentane på Austlandet vil levera som før til sommaren.
Han er avhengig av å selja det meste av bæra sjølv og korleis salsapparatet vil fungera, er han òg spent på.
– Blir det like lite folk og handel på torg og i sentrum rundt om som i dag, blir det dårleg.

Spesiell situasjon
Jordbærbonden på Jelsa forsikrar at han søv godt om nettene, men at dagane er prega av uvisse.
– Eg legg ut mykje kapital før eg kan starta haustinga. Jordbærplantane er dyre, det går ein 6-700 000 kroner berre i plantar. Så kjem gjødsel og alt anna i tillegg, sukkar han. Men så kjem det litt meir optimistisk:
– Men det kan gå godt også, og det kan komma noko godt ut av alt dette for heile samfunnet.
Og at det blir både Korona og Sonsation på suldølen tidleg i juni, det er iallfall noko godt å sjå fram til.

Her er Raimondas Petrulionis i gang med å planta Sonsation på Jelsa. Foto: Helge Gjerde

Lastebåt i tøffe tak i dag

$
0
0

OPPDATERT kl. 13.45
Mange har følgt det 200 meter lange lasteskipet som i dag forgjeves har forsøkt på å komma seg ut fjorden. Nå kan losoldermann Henry Djupvik fortelja om eit heilt spesielt fjord-fenomen som er opphavet til trøbbelet for det store fartøyet Genco Columbia. Som i dag tidleg altså kom frå Sauda etter å ha lossa på fabrikken, men som nå er returnert til Sauda, der det skal ankra opp for natta i påvente av at vinden skal løya.
– Det er fallvindar, eller fjordvindar, som me også seier. Dei kjem ned fjella i traktformasjon og det som er 15 m/s blir 30 m/s, som nesten er orkan, fortel Djupvik, som sjølv er vaksen opp i ein fjord på nordvestlandet og kjenner fenomenet godt.

Han seier det ikkje har vore nokon dramatikk med båten i dag, men at det blir ekstra utfordrande med eit skip som er ferdig lossa.
– Det blir eit veldig vindfang, konstaterer han, som også kan forsikra om at det er strengt tryggleiksregime når desse svære fartøya skal inn dei tronge fjordane.
– Det er krav om taubåtar, og dei blir kopla på når me skal gjennom svingane, som me seier. Me tar ingen sjansar, for me skal ha reine fjordar og ingen ulukker, seier losoldermann Djupvik.

Klokka 09.15
«Fyttigrisen, den er nær land!» skriv Siv Rørvig Speth i sms-en der ho deler bilda ho fekk tatt av båten som i dag strei hardt i den tøffe vinden på fjorden.
Ho er nok ikkje den einaste som i dag tidleg har sett på den store lastebåten Genco Columbia som måtte gi opp forsøket på komma seg ut «Hålet» etter å ha lossa i Sauda.

Nervepirrande snuoperasjon
Ho fortel om korleis følgjebåtane i ni-tida i dag, kom først. Deretter kom den tomme lastebåten, som etterkvart gjekk svært nær Ropeid. Etterkvart fekk dei snudd båten midtfjords mellom Kråke (Ropeidsida) og Fiskeberget. Deretter sette den kursen tilbake til Sauda igjen, etter å ha vore opphav til det som blei ganske så nervepirrande scenar mens operasjonen stod på.

OPPDATERT klokka 10.20
Nå, vel ein time etter snuoperasjonen, melder Siv Rørvig Speth at Genco Columbia nå er på full fart ut «Hålet» i Sandsfjorden. Dermed ser det ut til at den trå vinn, og at det blir 1-0 til båt versus vind i dag.

OPPDATERT kl. 11.50
Mange følgjer lastebåtens bevegelsar nå i føremiddag. Lars Bråtveit på Sand er ein av dei som følgjer med på nettet der båtens ferd er synleg. Nå melder han at han ser at lastebåten ligg og driv ved Vela ute i Sandsfjorden. Bråtveit meiner bestemt at båten manglar motorkraft og fortel at den blir halden på plass av taubåtene som følgjer den. Han konstaterer at den tomme båten utgjer eit enormt vindfang der den ligg i den sterke vinden.
Nå klokka 12, har ikkje Hovudredningssentralen nokon informasjon om båten når avisa kontaktar vakthavande. Der blir det opplyst at det ikkje er uvanleg for båtar å leggja seg i le og venta på rolegare vêr.

OPPDATERT kl.12.45
Siste nytt om lasteskipet, som heile føremiddagen har gjort det travlare enn vanleg på fjorden, er at det nå er på veg inn til Sauda igjen.
Suldalsposten har sjekka situasjonen med Kystverket, og oppdaterer saka når meir informasjon om båt-føljetongen ligg føre. Men så langt tyder altså det meste på at det er vind og ikkje motor-problem, som er opphavet til situasjonen.

Fjordvinden

Så bra ut i dag tidleg
kom fallvindar, fjordvindar, 30 m/sek nesten orkan
ankrar heller båten
vinden skal løya
200 meter
få den gjennom svingen
Taubåtane krav
bra regime, er det sterk
ekstra utfordring når den
vinden kan bli

trakt ned fjellet
utsatt
fartøy med vind
tar ikkje
det merker
taubåtene blir
setter

Henry Djupvik losoldermann tlf 97153690
Ingen dramatikk, valde å snu og ankra opp
Kvitsøy Ole Kristan Klausen, fungerande sjøtrafikksjef 97087858
kystdatahuset.no

Her er dei nye eigarane av Ryfylke Fjordhotel

$
0
0

Midt i ein knallhard pandemi som treff reiselivet som ein knyttneve, kjem nyhendet om at Ryfylke Fjordhotel har fått nye eigarar.

Eigarane av Preikestolen Fjellstue
Reiselivsselskapet Norwegian Experience, med dagleg leiar Ola Thuen Neergaard, er ingen ukjent aktør i Ryfylke. Dei eig også Preikestolen Basecamp, med blant anna Preikestolen Fjellstue og guide- og aktivitetsselskapet Outdoorlife Norway.
«Det er spesielle tider med Covid-19, men vi har klokketro på et norsk reiseliv også etter pandemien, sier Thuen Neergaard, i pressemeldinga om kjøpet.

Ryfylke Fjordhotel.

Får med dagens eigarar i drifta over sommaren
Til Suldalsposten fortel Thuen Neergaard at Erling og Tina Asbjørnsen, som har drive hotellet i 24 år, skal bli med i drifta til over sommaren.
– Det er me veldig glade for, seier han, som også fortel at salet er eit resultat av samtalar som har gått sidan januar med dagens eigarar, som la hotellet ut for sal i september i fjor.

Klare for livet etter pandemien
Per i dag er hotellets tilsette permitterte, men i pressmeldinga framgår det at dei gradvis vil bli tatt inn igjen ettersom situasjonen med pandemien normaliserer seg og gjestane begynner å komma tilbake. Tina Asbjørnsen seier seg i pressemeldinga glad for at livsverket deira nå skal drivast vidare av ambisiøse og kompetente eigarar.
Thuen Neergaard er også klar på at dagens situasjon er spesiell, men at deira plan er å bruka Ryfylke som eit trekkplaster for turistar som ønskjer opplevingar i fantastisk natur og å jobba saman med andre aktørar for løfta reiselivet, sikra arbeidsplassar og å gjera klart for den røynda som ventar etter pandemien.

Samlar kommunestyret digitalt i ettermiddag

$
0
0

Møtet går klokka 17 i dag og blir sendt på kommunens heimeside som vanleg.

Ap-etterlysing
Det var i formannskapets møte sist at Kari Vaage Gjuvsland (Ap) ville vita om ikkje det også nå var på tide å samla alle dei folkevalde. Så langt i Korona-situasjonen har formannskapet hatt to digitale møte, mens det planlagde kommunestyret nå i mars er tatt av møteplanen.

Å ta kommunestyret på alvor
Neste planlagde kommunestyremøte er først i mai, og Vaage Gjuvsland meiner det er for lenge å venta slik stoda nå er.
Det var også Nils Bjarne Vold (V) samd i, som meiner det handlar om å ta kommunestyret på alvor.
Rådmann Øyvind Valen sa det ikkje ligg saker som hastar, men at han, om ønskeleg, kunne gi ein presentasjon av kommunens arbeid så langt og ei oppdatering av dagens status.

Bad om å få sleppa plunder og heft
Det var det altså raskt semje om i formannskapet, der Åshild Vetrhus (Sp) bad om at tekniske utfordringane måtte vera testa og klare på førehand så ein slepp plunder og heft undervegs, som det har vore litt av for formannskapets møteform.
Nå i dag, seier Bø at møtet i ettermiddag blir eit reint informasjonsmøte utan ordinære saker. Ho fortel at det tekniske er innkøyrt på førehand, og at planen altså er å senda det på vanleg måte.
På spørsmål om ho sjølv vurderte at det var behov for dette møtet nå, seier ho at ho eigentleg ikkje såg det, men at det for henne er heilt greitt å halda eit informasjonsmøte som dette.


Og der var Genco Columbia vel avgarde

$
0
0

Ikkje berre løya det over natta. I dag tidleg varta vêrgudane opp med det vakreste vintervêr for Genco Columbia, som i dag tidleg fekk ein fin og roleg tur ut fjorden.

Stilfull segling
I går møtte båten fjorden fra ei heilt anna side. Det tøffe vêret og ekstrem fjordvind, gjorde at lasteskipet, etter fleire forsøk på å komma seg ut fjorden, måtte gi seg og ankra opp i Sauda, der det altså hadde vore og lossa.
Avisa har fått desse fine vinterbilda av Morten Aarhus, som var ute ved Sandsfjordbrua i dag tidleg, då båten passerte under brua, på veg til det app-ane som fortel om slikt, seier er Estland.

Kortreist og lokalprodusert smittevern-utstyr frå Sauda til Suldal

$
0
0

Leverandøren var Siri Berle Lund som leverte fire smittevern-drakter til tannlege Elmies. Lund og Elmies-Jansky er gamle kollegaer.

Fire syersker i sving
Saudakvinna og tre andre venninner har sydd mange slike drakter, mellom anna til to tannleger i Sauda.
Ifølgje avisa Ryfylke, som skreiv om initiativet og draktene i 23. mars, starta det heile då Lund fekk ideen etter ein fjernsyns-reportasje frå Lyngdal, der fleire syersker hadde sett seg til symaskina for å laga smittervern-drakter til helsevesenet. Ho kontakta saudatannlege Thomas Sørensen som gav tommelen opp for ideen. Han stilte opp som modell, slik at mal og mønster vart konstruert. 

Klede som kan vaskast på høg temperatur
Drakta er laga i 100 prosent tett bomullsstoff. Stoffet, som er industri-sengetøy, fekk kvinnene tak i frå hotelleigar Jan Nordbø på Kløver hotell og eit vaskeri i Etne. Smittevern-draktene kan vaskast på 95 grader, tørkast i trommel og brukast mange gonger.
Hovudregelen nå, i denne koronapandemi-tida, er at lokale privatpraktiserande tannlegar må halda klinikken stengt, men opnar for pasientar i heilt akutte situasjonar. Rett verneutstyr gjer då at behandlinga, for både tannlege og pasient, skal skje utan stor fare for korona-smitte. 

Spinnglatte forhold i april-snøen

$
0
0

April har starta ganske så vinterleg med snø, både i går og i dag.

Tøft i Rødsliane
Og i går var det tøffe forhold både i Rødsliane og andre litt høgtliggjande stader. Suldalsposten har fått fleire meldingar om veldig vanskelege forhold på rv. 13 mellom Sand og Lovraeid. Der blei ein bil blei observert i grøfta etter det som tilsynelatande hadde vore eit hardt møte med fjellveggen ved Ersdalen.

– Kor blir brøytinga av?
Lisebeth Gjøse pendlar frå Hebnes, til jobben på Suldal Dagsenter, og ho kan fortelja om svært tøffe forhold både på vegen mellom Hebnes og Øvrabø i dag tidleg, og i Rødsliane i går ettermiddag.
– Traileren som stod på toppen av Rødsliane i går ettermiddag, hadde klart å klora seg opp svingane, men på toppen stod han og la på kjetting, og det såg kave ut, fortel ho, som lurer på kor det blir av brøytinga.

– Meld fra på 175!
Men hjå Statens vegvesen har byggjeleiar for indre Ryfylke, Ove Hausvik, ikkje fått inn nokon avviksmeldingar på sin logg verken for i går eller i dag føremiddag. Han lovar å sjekka opp i saka, men minner om at vegfarende som opplever uhaldbare forhold, må melda det inn til Vegtrafikksentralen på 175.
Der kan operatørane ta direkte kontakt med entreprenør, og meldingane hit blir også vidarerapporterte til byggjeleiaren.

Ingen rush på bergingsfronten
Alf Rune Håranes på Tjelmane Dekkservice ser også at det snør, men det har ikkje resultert i mange bergingsoppdrag for han.
– Eg henta ein bil som var hamna i grøfta på Gullingen i går. Det er jo mindre køyring generelt, og suldølen som er kjende med vegane, køyrer forsiktig og fint, attesterer han.

Det ny-utvikla laboratoriet med robotar tar form

$
0
0

Norsk Stein er Europas største pukkverk, og snart kan bedrifta skilta med verdas første robotstyrte laboratorium i bergverks-bransjen.

– Kjempeartig
Før starten i fjor vinter, hadde laboratorieleiar Frank A. Hondsmerk jobba med ideen i tre år. Ideen er blitt verkeleg og
står nå inne i det flunkende nye laboratoriebygget.
– Veldig kjekt og kjempeartig, seier han om utviklingsprosjektet som Heidelberg Cement nå forventar interesse på frå andre innan bergverksindustrien, ikkje berre i Norge, men frå heile verda.
– Ja, eg er stolt av det, smilar Hondsmerk, som villeg visar rundt.
Sjølv har han hatt fire turar til Auckland for å jobba med robotane. Nå er fleire newzealendarar på plass for montering
og rigging.
– Det har gått kjempebra, seier han om prosessen, sjølv om prosjektet har tatt lengre tid er rekna. Når alt er på plass og
kopla til, skal det køyrast inn og testast. Før robotane er i gang med full arbeidsdag, skal også dei tilsette få opplæring og
trening.

Skipa til Suldal
Arbeidsstasjonane, som nå står på robotarmlengde frå dei to robotane, er verken hyllevare, eller laga før. Trass mykje arbeid, har det vore ei spennande reise, ifølgje Hondsmerk.
Sjølve robotane er det ikkje noko nytt og spesielt med. Det er arbeidsstasjonene rundt og automatikken som utgjer utviklings- og samarbeidsprosjektet, eit pilotprosjekt, mellom suldalsbedrifta og Rocklabs på heilt andre sida av jorda.
I oktober i fjor, stod robotane på dei endelege testane. Månaden etter, vart dei pakka ned og frakta med båt dei sju vekene ferda tar. Sidan slutten av februar, har ulike fagfolk frå Rocklabs besøkt Norsk Stein, alt etter oppgåver med monteringa.

Her kan du sjå ein film av robotane før dei vart monterte ned og sendt til Suldal.

Mange i sving
Det kan kanskje høyrast lett ut; berre å pakka ut robotar og utstyr, få det på plass, for så å trykkja på ein knapp. Slik er det
ikkje. Når avisa er på besøk, summar det i ulike språk, av og til avbrote av boring.
Tusenvis av leidningar skal koplast til på rett stad. Eit par Rocklabs-tilsette jobbar på. Fleire tilsette frå Sauda installasjon
er i arbeid med å leggja inn straumen til robot-laboratoriet. Det krevst norske godkjenninger til å utføra det, difor kan ikkje
dei newzealandske fagfolka gjera dette.
Hondsmerk viser dei ulike stasjonane der steinmassane blant anna vil bli vege, sikta, splitta, vaska og turka.

Auka kapasitet
Norsk Stein har ein årleg produksjon på nesten tolv millionar tonn stein. Noko som betyr at over 6 000 steinprøvar må
takast før stein skiftar eigar. Per i dag betyr dette at ein stad mellom 20 til 30 prøvar skal gjerast.
Med robotane kan dette aukast monaleg, fleire prøvar kan utførast samstundes og kapasiteten på prøvetakinga blir på minst 70 i døgnet.
For kvar kunde, det vil seia kvar båt som legg til kaien, trengst det papir som gir informasjon om tilslaget, altså steinmassen. At den er produsert i tråd med prosessen, ei CE-merkt ytingserklæring som dokumentet heiter. Communauté Européenne (CE) er ein deklarasjon som stadfestar at produktet oppfyller krav og direktiv. Steinmassen går gjennom fem kontrollpunkt før den bli lossa på skipet.

Automatikk
Når robotane nå tar over store delar av analysejobben, men også aukar volumet til rundt 35 000 prøvar årleg, betyr det færre tunge løft og mindre støv og lyd for dei tilsette, men også ein langt lågare feilmargin i analyseutføringa.
Elektrikar Hanne Maldal er ein av dei Norsk Stein-tilsette som skal ha i oppgåve å passa på robotane.
Elektronikken er ein ting, men automatikken, alt det ein ikkje ser, hjernen til robotane, utgjer også ein stor og viktig jobb. På eine kontoret i høgda over laboratorie-hallen, sit ein frå Rocklabs og
fører på datamaskina.
– Her er sjølve hjernen, seier Hondsmerk og peikar på ein liten harddisk på bordet. I laboratorie-samanheng er det fleire datasystem som skal snakka saman. Ved siderommet er det vindauge ned til laboratoriehallen. Prosjektet nærmast seg slutten. Akkurat kva tid robotane er i sving nede på golvet, er usikkert.

Korona-stopp
Etter at avisa var på Norsk Stein sette Korona-krisa ein stoppar for sluttføringa. Hondsmerk opplyser at reise-restriksjonane og andre tiltak rundt om i verda og i Norge, gjorde sitt til at dei Rocklabstilsette måtte reisa heim.
– Me har ein kontinuerlig dialog med Rocklabs og følgjer utviklinga rundt Korona-situasjonen nøye. Så snart situasjonen har stabilisert seg og det er mogleg og trygt igjen å reisa, skal arbeidet fortsetja.

FREDAG: Framleis ingen korona-smitte påvist i Suldal

$
0
0
FREDAG:  Framleis  ingen  korona-smitte  påvist  i  SuldalFredag ettermiddag ligg det føre 34 svar av totalt 35 prøvar som er tatt, og […]
Viewing all 2476 articles
Browse latest View live